Når det frie ordet er truga av andre statar

Norske styresmakter må legge press på Iran for å bidra til oppklaring av Nygaard-saka, særleg ved at den sikta diplomaten blir avhøyrd. Kjem det ingen reaksjon bør dei to sikta personane begge bli etterlyst internasjonalt.

Torsdag 11. november informerte NRK om at Iran er sikta for attentatet mot William Nygaard, dåverande forleggjar i Aschehoug. Via ein høgtståande tenestemann ved ambassaden har Iran gått til angrep på frie ytringar i Noreg. Om dette stemmer er det statsterrorisme.
Dette er ikkje eit avgrensa åtak på ein enkelt forleggjar, eit enkelt forlag, ein enkelt bransje, eller ei enkelt ytring. Dette er eit åtak på det frie ordet – den viktigaste og mest sårbare retten i eit moderne folkestyre. Retten alle har til å ytre seg fritt innanfor dei grensene loven set.
No får me vite at staten Iran via sin ambassade hadde som mål å drepe Nygaard fordi han gav ut Salman Rushdies bok «Sataniske vers». Det krev sterk og tydeleg reaksjon på rett politisk nivå.

Den norske forleggjarforeininga har i mange tiår arbeidd internasjonalt for ytringsfridom. Som medlem av den internasjonale forleggjarforeininga (IPA) har me teke initiativ til å endre krava til opptak av nye medlemmer. Ei rekkje europeiske demokrati blei med oss i dette arbeidet.
Til sist fekk me ikkje fleirtal for å hindre medlemsskap frå forleggjarforeiningar frå land som Kina og Saudi Arabia. Men me fekk gjennom vedtektsendringar som i framtida gjer at søkjarar må demonstrere eit reelt skilje mellom styresmaktene og den nasjonale forleggjarforeininga – mellom politikk og frie ytringar.
IPA sitt ytringsfridomsutval (FtPC) er i mange år leia av Kristenn Einarsson frå den norske forleggjarforeininga. Saman med gode allierte har det sett oss i stand til å hindre at Kina har fått medlemmer inn i dette utvalet.

Medlemmene av dette utvalet deler ut Prix Voltaire – ei av verdas viktige ytringsfridomsprisar. Eit sete i dette utvalet vil for eit autoritært regime vere ein særs nyttig lyttepost i tillegg til det «godkjenningsstemplet» som kjem med medlemskapet. Me kan ikkje vere naive.
Arbeidet for å sikre frie ytringar føregår på mange plan i mange fora. Den norske forleggjarforeininga tok derfor for eitt par år sidan initiativet til å skape World Expression Forum – ein internasjonal arena for ytringsfridom som no tek form med nasjonale og internasjonale interessentar på laget.

Nygaard-attentatet er ikkje ei sak der norske forleggjarar skal stå aleine. Det er styresmaktene sitt ansvar å gripe inn for å trygge det norske ytringsrommet. Diktatur verda over brukar enorme ressursar på å halde eige folk i sjakk, og slår knallhardt ned på kritikk. Kina, Russland, Nord Korea, Saudi Arabia, Iran og Tyrkia trugar eigne statsborgarar i utlandet.
Fleire av desse statane har beviseleg drepe opposisjonelle som har søkt tryggleik i utlandet. I Polen og Ungarn er ytringsfridomen snevra kraftig inn. USA brukar store ressursar på å få utlevert og straffeforfølge enkeltpersonar som har eksponert sivile følgjer av amerikansk krigføring.

Me lever i ei tid der makthavarar brukar stadig sterkare midlar for å kvele fri meiningsbryting. Men det stoppar ikkje der. Fleire av desse regima trugar med å forfølge og straffe andre lands borgarar for kritiske ytringar. Kina har gjort det klart at du ikkje skal vere trygg nokon stad om du ytrar støtte til opposisjonelle i Hong Kong.
I dette internasjonale klimaet kan ikkje norske styresmakter stillteiande akseptere statsterrorisme på norsk jord. Tvert om treng me at politikken vår står opp for ytringsfridomen og gir oss alle ryggdekning. Alternativet er at vår rett til frie ytringar blir mindre og mindre verdt.
På eit tidspunkt kjem me til krossvegen der me vel sjølvsensur. Frå då av er valfridomen mindre, nasjonen Noreg mindre fri, dørene opna for ei vrengd forståing av verda, og folkestyret i ferd med å smuldre.

Norske styresmakter må legge press på Iran for å bidra til oppklaring, særleg ved at den sikta diplomaten blir avhøyrd. Kjem det ingen reaksjon bør dei to sikta personane begge bli etterlyst internasjonalt.
Alt anna sender eit særs dårleg signal til alle som arbeidar for ytringsfridom, menneskerettar og eit ope demokratisk samfunn verda over.

 

Edmund Austigard, styreleiar i Forleggerforeningen
På trykk i VG 30. november 2021