Lat meg opne med dei gamle grekarane. Den greske filosofen Sokrates var ein klok mann. Han var også skeptisk til lesing og til skriving. Han meinte at tenking var ein dynamisk ting som skjedde i samtalen mellom frie menn under søylegangane. Ikkje noko ein skulle skrive ned.
Grunnen til at eg veit dette, er at nokon skreiv ned at Sokrates var skeptisk til å skrive ting ned.
Og dei skriftfesta ikkje berre skepsisen hans til skriving, men også filosofien hans. Utan skrifta hadde vi ikkje visst noko om den kloke skriftmotstandaren Sokrates. Og om ein heil del anna.
No kan ein sjå på skrivekunsten som slutten på moroa slik Sokrates gjorde og som urovekkjande mange unge menneske i dag er samde med han i, eller ein kan sjå det som ein fantastisk ting på linje med eit mirakel som eg sjølv meiner, og der har eg sikkert denne forsamlinga med meg.
Men same kva ein føler for skrifta, så er ho her og svært mykje av samfunnsliv, yrkesliv og sosialt liv er tufta på at alle kan lese. Alle, med svært få unntak, må kunne lese for å fungere i samfunnet og det gjeld ikkje minst i vår tid når det er ein informasjonskrig der ute, med fake news og deep fake.
Seinast i går las eg at mange framleis trur at skuleskytinga ved Sandy Hook i 2012 var fake fordi konspirasjonsteoretikaren Alex Jones har sagt det. Eg skulle likt å vite kor mange av dei som trur på dette som les redaktørstyrte media.
For mange er lesing eit nødvendig onde. «Bror min leste bøker frivillig» heiter det hjå Kjell Aukrust. Dette såg forteljaren på med undring. Ein ting er å lese når ein må, ein annan ting er å lese når ein ikkje må. Bror min hjå Aukrust hadde glede av å lese.
Å lese når ein ikkje må, har utruleg mange heldige biverknader som eg ikkje skal ramse opp her. Sjølv oppdaga eg tidleg leselysta, det å bli rykka bort, i det som den zimbabwiske forfattaren Tsitsi Dambarembga kallar for «sjelens ekstase».
Det einaste eg vil seie om denne lysta eller ekstasen er at det i ein fase av livet kan vere bra å få lese det ein har lyst til. Personleg meinte eg i veldig mange år at Frøken detektivserien var verdas beste bøker og at Frøken detektiv og tårnet med de vridde lys var verdas beste roman. Storesøstera mi fekk den til jul, og mor mi sa at eg var for lita til å lese slike bøker. Det kan ha noko med saka å gjere, at eg måte lese i skjul.
No vil eg ikkje gå inn for å forby bøker og gjere små barn til lovbrytarar for å opparbeide leselysta, men det er eit poeng å verkeleg ta lysta på djupaste alvor når ein skal få barn til å lese også når dei ikkje må.
Kva kan vi lære av dette? At dårlege bøker til rett tid kanskje ikkje er så gale. Og at også kloke folk kan ta feil, det gjorde allereie dei gamle grekarane.