Løft for lesing og litteratur i Hurdalsplattformen

- Dette er gode nyheiter for norske lesarar og norsk språk, seier Forleggerforeningen sin direktør Heidi Austlid. 

I Hurdalsplattformen, som legg det politiske grunnlaget for ei ny mindretalsregjering, vil Arbeiderpartiet og Senterpartiet legge fram ei boklov som sikrar fastprissystemet. 

Hurdalsplattformen lovar også styrka litteraturformidling, både gjennom innkjøpsordningane, ein ny leselyststrategi og fleire meiropne bibliotek.  

 – Meiropne bibliotek og auka leseengasjement har Forleggerforeningen og litteraturfeltet jobba for lenge, vi gler oss til å samarbeide med den nye regjeringa om dette, sier Austlid, 

Hurdalsplattformen har også fleire viktige punkt for å styrke norsk språk. 

AP og SP lovar å føre ein språkpolitikk der norsk eller samisk blir føretrekt i alle delar av samfunnet, og vil sørge for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking. Hurdalsplattformen vil også sikre alle elevar tilgang til skulebibliotek, og sikre alle elevar læremiddel på eiga målform. 

– Å verne og utvikle dei norske språka er viktig for ytringsfridom, demokrati og utviklinga av samfunnet vårt, avsluttar Austlid.