Tid for litteratur og lesing

Innlegget frå Edmund Austigard, styreleiar i Den Norske Forleggerforening, sto på trykk i Klassekampen 23. april 2020.

Over natta mista ein million elevar og studentar tilgangen på litteratur gjennom biblioteka. Nasjonalbiblioteket bad bokbransjen om hjelp. Bransjen svarte på den nasjonale dugnaden med å gi digital tilgang til norsk litteratur og lærebøker gjennom Nasjonalbiblioteket. Løysinga blei presentert av Kulturministeren og Nasjonalbibliotekaren på regjeringas pressekonferanse 23. mars. Vi fekk til fulle sjå kor viktig litteraturen er i det norske samfunnet. Og sjølv om det kan kjennast småleg slik verda ser ut no, skriv eg dette fordi det naudsynt å forklara at litteraturen som lesinga ikkje er naturgitt. Og det er heller ikkje den verdikjeda som syt for litteraturen. Forfattarane våre har tapt store inntekter på avlyste arrangement og kansellerte oppdrag. Dei fleste forlaga opplevde full stopp i ordreinngangen 12. mars.

No ser det førebels ut som om det første sjokket er over. Me ser at folk finn tilbake til boka. Forlagsbransjen er rett nok svært ulikt ramma av krisa, men dei tunge dagane før påske er snudd til optimisme og pågangsmot. Forlaga kjem til å satse offensivt på lesing og litteratur denne sommaren. Viljen er stor. Me skulle likevel ønska oss meir drahjelp frå styresmaktene. Lesing og litteratur er så grunnleggande i samfunnsbyggverket vårt, at ansvaret må vere eit nasjonalt og langsiktig samspel mellom styremaktene og det private. Også i krisetider.

I desember i fjor foreslo ein samla bokbransje fem punkt til ein ny lesepolitikk. Regjeringa bør no nytte seg av dette forslaget i samarbeid med bransjens aktørar. Forleggerforeningen har spelt inn tre konkrete punkt til korleis ein kan bruke alt eksisterande verktøy i Kulturrådet til å sikre mangfaldet i den langsiktige litteraturproduksjonen. Den avgjerda ligg i Kulturrådet, men pengane til å sikre norsk sakprosa på dei to samfunnsberande språka, til å sikre igangsetting av nye prosjekt slik at mangfaldet i boktilbodet også fins dei neste 5 åra, må kome frå departementet. I ei tid som dette synes det naudsynt å revurdere den avkortinga Kulturrådet måtte gjere i innkjøpsordninga.

Det kjennes godt å gjere litteraturen fritt tilgjengeleg for skulane i ein kriseperiode, men det er ingen berekraftig modell. Forfattarane må ha råd til å skrive, det må finnast ei levedyktig verdikjede som foredlar og distribuerer. Lesing og litteratur må vere eit nasjonalt og langsiktig ansvar i samspelet mellom styremaktene og det private.