Flytande litteraturhus

Den tidlegare bokbåten Epos vart nedlagt sommaren 2020, men gjennoppstår no som flytande litteraturhus med finansiering frå blant anna Forleggerforeningen.

Heile 29 bibliotek i Vestland og Rogaland har meldt interesse, og Alver kommune og Strilabiblioteket skal stå for pilotprosjektet. Fritt Ord, Bibliotekarforbundet, Biblioteksentralen og Forleggerforeningen har gitt økonomisk støtte.

– Vi har eigentleg lenge sett at det var behov for ein litt annan modell, med arrangement og litteraturformidling i førarsetet. Så vi tok opp ballen og ville få opp igjen bokbåten som eit litteraturhus, sa biblioteksjef på Strilabiblioteket, Marit Gro Berge, til BA i januar.

Alver kommune og Strilabiblioteket vil vere prosjektleiar, og ha ansvar for å koordinere ruta, medan arrangement på båten er det kommunane og biblioteka sjølve som skal stå for. Det blir vektlegging på arrangement og litteraturformidling både til barn og vaksne langs heile kysten. Den første ruta er planlagt å starte 29. september.

– Bokbåten Epos har ein viktig funksjon for å spreie litteratur og auke leselyst. Det er avgjerande at litteraturen kjem ut til folket og me gledar oss til å følgje arbeidet til bokbåten, seier administrerande direktør i Forleggerforenigen, Heidi Austlid.